Startskotet har gått for «Leseløft i arbeidslivet» på Vassenden skule

På Vassenden skule snakkar vi ofte om lesing og skjermbruk. No har vi bestemt oss for å ta utfordringa sjølve også, og har difor meldt oss på leseaksjonen «Leseløft i arbeidslivet».

Plakat - leseløft i arbeidslivet - Klikk for stort bilete

Etter fleire dagar med spent venting kom endeleg bokpakken frå Stiftelsen LESE. Då kassen vart opna, vart det raskt klart at dette ikkje var nokre tørre fagbøker på avvegar. Her fann vi bøker for alle typar lesarar, frå den ivrige bokslukaren til den som sist las ei bok då Nokia 3310 framleis var moderne.

Utvalet var så variert at både lærarar, assistentar, reinhaldarar og vaktmeister kunne finne noko som freista. No står bøkene klare i bokhylla og ventar på nye lesarar. Det store spørsmålet er berre om rektor klarer å leggje frå seg den siste NOU-en og heller bli med Ruth Lillegraven inn i «Mitt neste liv».
Vi ser fram til mange gode leseaugneblinkar, hyggjelege bokpratar i pausen og kanskje litt vennskapleg konkurranse om kven som faktisk les ferdig flest bøker.

Til siste ei oppmoding til andre einingar i Sunnfjord kommune å melde seg på leseaksjonen «Leseløft i arbeidslivet.»

God lesehelg frå dei bokglade tilsette ved Vassenden skule!

Bilder frå leseaksjonen