Solid VM- stemning på Øyaflata!

Det var VM-stemning og topp stemning på Øyaflata når årets tradisjons-kamp mellom lærarane og 10. klasse vart spelt torsdag 18. juni. Det vart ein spanande kamp med mange mål! 

Kampen starta litt trått, der lærarane vart for passive og lot 10. klasse smette forbi og sette inn eit par kjappe mål. Temperaturen steig betydeleg i 2. omgang når lærarane omsider vakna til live. Det vart utlikning, og kampen stod ei kort tid i uavgjort. Til stor glede for dei aldrande fotballbeina. Gleda vart kort, for 10. klasse var kjappe med å utlikne, og gikk til slutt av med sigeren 6-3. Gratulerer til årets 10. klasse som meisterskapsvinnarar! Takk til 8. klasse for god og solid dømming av kampen!