Skuleløpet ved Vassenden skule 2025Elevane ved Vassenden skule vil samle inn pengar til TV-aksjonen, ved å arrangere skuleløp torsdag 16. oktober.I år går pengane til Atlas-alliansen, som arbeider for at menneske med funksjonsnedsettingar skal få betre moglegheiter til å delta og bidra i samfunnet.Les meir om Atlas-alliansen Elevane vil samle inn pengar ved å arrangere eit skuleløp torsdag 16. oktober. Kvar elev vil springe/gå rundt barneskulen, så mange rundar hen klarar i løpet av 45 minutt, og kvar runde er ca. 350 meter.På førehand har dei skaffa seg «sponsorar» (føresette, besteforeldre, tanter og onklar, naboar, bedrifter e.l.), som betalar ein sum per. runde, og når løpet er ferdig får kvar elev ei «kvittering» som syner talet rundar hen har gjennomført.Sponsorane bestemmer sjølve kva beløp dei vil betale per. runde, og vippsar summen til Elevrådet Vassenden skule (vipps: 721231).Elles er det sjølvsagt lov for alle å støtte skuleløpet utan å ha avtalt å vere sponsor, og då kan du vippse ein valfri sum.Les meir om årets Tv-aksjon i Sunnfjord Sist endra 13.10.2025 14.55