Skøyteis på Vassenden

Vassenden skule har vore velsigna med kalde, fine dagar på skøyteisen!

Det er ikkje kvart år isen legg seg på Jølstravatnet, og sjeldan ein får nytte seg av isen som leikegrind over så mange dagar. Her har det vore mykje meistring og glede denne veka med skøyteløp, ishockey og kos ved bålpanna.