Skidag

Ikkje alltid like lett å planlegge korleis vêret ser ut etter ein ferie, men jammen greidde vi å treffe den eine dagen denne veka utan nedbør. Store og små har storkosa seg i Jølster skisenter og i langrennsløypene like ved. Topp skiføre begge stader. Tusen takk til Jølster skisenter og Jølster løypelag for at de hiv dykk rundt og tek i mot oss i nypreppa løyper.