Kompani Fossheim på Vassenden skule

I veke 24 blei årets Kompani Fossheim for 10. klasse arrangert. Elevane har i løpet av veka hatt fire dagar med mange ulike oppdrag. For å lykkast med oppdraga, har samarbeid og å jobbe som eit lag vore i fokus.

Den første dagen, tysdag, var ein dag med mange varierte oppdrag. Elevane fekk mellom anna i oppdrag å lage ei båre av tau og stokkar, dei måtte jobbe med sine kreative sider i ein mimeleik, og dei måtte lage bål med flintstål og bruke det dei kunne finne ute i naturen som brensel.

Onsdagen var ein dag der elevane fekk kome seg ut i skogen. Her hadde dei raudt lys i terreng, der elevane måtte nytte terrenget til sin fordel. I tillegg fekk laga i oppdrag å lage ein gapahuk.

Torsdagen var ein dag med mykje gåing. Dei ulike laga hadde fått i oppdrag å samle flagg på forskjellige plassar rundt omkring på Vassenden. Det vart tilbakelagt minst 20 km den dagen! Etter mange timar med flaggstress, var det forfriskande å «redde» oberst Fossheim opp i frå det iskalde Jølstravatnet.

Siste dagen, fredag, vart brukt i Bjørkelia. Hinderløype med ein vri, problemløysing, målkast, bogeskyting og bottleflip var nokre av oppdraga som elevane jobba med.

Det som best illustrerer og summerer opp veka er; meistring, samarbeid, engasjement, positivitet, stå-på-vilje og samhald!

Bilder frå Kompani Fossheim