Kokkesprell 9. klasse

I veke 10 arrangerte 9. klasse Kokkesprell, med iver og glede. Elevane komponerte sine eigne rettar med sjømat, totalt seks gode rettar. Etter hardt arbeid med smaking og vurdering kåra juryen ei vinnaroppskrift, som vert sendt til Fiskesprell. Så vil dei teste og vurdere oppskrifta i konkurranse med andre oppskrifter frå skular i heile landet. Vinnaren vert annonsert i mai, og vi ventar i spenning. Kokkesprell er ein nasjonal sjømatkonkurranse i regi av Fiskesprell.