Klatrestativ ved Vassenden skule

Onsdag i haustferien vart det nye klatrestativet på adm.-plassen ved Vassenden skule offisielt teke i bruk.. Barna som deltok på haustferie-SFO fekk den store æra av å vere dei aller første til å klatre til topps i det flotte tårnet.

Det nye stativet er både spennande og innbydande, og vil utan tvil gje elevane ved Vassenden skule mange kjekke og aktive leikeøkter framover.

Ekstra stas er det at fargane på stativet er inspirert av paletten til kunstnaren Nikolai Astrup – noko som passar særs godt i ei bygd med sterke Astrup-tradisjonar. Med flott lyslegging tek den seg også svært godt ut i haustmørket.