Julekort frå Vassenden skule

Kjære foreldre, tilsette og alle våre gode samarbeidspartnarar & hjelparar! 

illustrasjon med elevar med nisselue - Klikk for stort bileteJulekort laga av Google Gimini. KI er til både glede og utfordring for oss i skuleverket.

 

Desember har vore ei tid fylt med glede og aktivitet på skulen! Vi har hatt volleyballturnering, julebakst, pynting, julegraut – og ikkje minst har vi halde på vår kjære tradisjon med julegenser gjennom heile månaden. Det har skapt mykje latter og god stemning i gangane. Og det er kjekt å sjå kor elevane kosar seg saman i ulike felles aktivitetar. Her er det mykje omsorg, ansvar og respekt i praksis!

Året 2025 har også vore krevjande, med ein del usikkerheit rundt resultatet på saka kvalitet og kapasitet, kombinert med utfordringar knytt til kommuneøkonomien. Samtidig har vi opplevd ei stor glede: vårt heilt nye uteområde er ferdigstilt – og det har blitt fantastisk flott! Det blir kjekt å ta dette skikkeleg i bruk igjen til våren. Vi skal sjølvsagt arrangere opningsfest!

Mange har lagt ned ein ekstra innsats i år, og eg vil rette ein stor takk til FAU og elevrådet for engasjementet de viser for skulen vår. Vi vil også berømme heile personalgruppa som verkeleg har tatt alle ekstra tak som kan takast i år– alt til beste for elevane på Vassenden. Vi i leiinga er skikkeleg stolte av dykk!

Når vi ser framover mot våren, ventar spennande prosessar. Vi skal forme nye Vassenden skule i lokala på barneskulen, og med SFO i Jølstrahallen. Arbeidet er i gang, og vi vil gjere vårt yttarste for å finne dei aller beste løysingane for både store og små.

Tusen takk for godt samarbeid i året som har gått. Vi ønskjer alle ei fredeleg og roleg julefeiring, og ser fram til å ta fatt på alle dei spanande oppgåvene og aktivitetane som ventar oss i 2026!

Beste helsing frå leiargruppa på skulen
v/ rektor Anne Cecilie Kapstad