Jølstraveka på ungdomsskulen

Førre veke arrangerte ungdomsskulen «Jølstraveka».

Elevane vart delt inn i grupper på tvers av klassane, og sirkulerte rundt på stasjonar med ulike tema og oppgåver om Jølster. Her litt informasjon om dei ulike stasjonane : 

  • Opplæring i Jølstraspringar. Elevane smilte og kosa seg med dansetreninga, og viste seg fram som unge talent i dansen. Kjekt å sjå kor elevane kosa seg med å få prøve dans til denne type musikk. Takk til Ingrid Søyland, tidlegare lærar på skulen og ekspert i folkedans for å stille opp som instruktør! 
  • Kunst frå Jølster, der elevane fekk kunnskap om  både Nikolai Astrup og vevekunsten og trykkekunsten til både Engel Astrup og Kari Astrup Geelmuyden. Og etter innføringa fekk elevane prøve å trykke sin eigen kunst!  
  • Dialekt og typiske Jølstra-ord. Her vart ungdomane utfordra på ord som tvåge, svits, slabbe, slasjen og maule. Veit du kva dette betyr? 
  • Stadnamn, klima og vær og vind har vi mykje av i Jølster. Dette var tema for ein stasjon, der elevane måtte plassere stadman på eit Jølstrakart, og lærte om korleis regnet og snøen kjem med vindane frå havet, der skydekket treff dei høge Jølstrafjella og «lettar seg». 
  • Skriveoppgåve med sjølvvalt tema frå Jølster si historie, innramma i Jølstraåkle-ramme og hengt opp i elevkantina. Oppgåva resulterte i ein flott temavegg i elevkantina organisert som ei tidslinje. Her kom det fram  informasjon om både Audun Hugleikson, Nikolai Astrup,  Jølstraauren, rasa i 2019, 2. verdskrig, Jostein Sunde, Atle Hamar,  Jølster Hotell, Skei storhall og det nystifta bandet Grevling. 
  • I tillegg har det vore quiz’ og rebus, samt smak av tradisjonsmat frå Jølster med natronkaker laga av 9. klasse på mat & helse. 

Jølstraveka er tema vi har i vår temaplan for tverrfaglege opplegg ut frå læreplanen. Ei kjekk veke, som vi kjem til å arrangere igjen!