Hurra for elevane ved Vassenden skule!

Skuleløpet til inntekt for årets TV-aksjon vart gjennomført torsdag 16. oktober, og for ein fest det vart!

Ein elev har rekorden på 27 runder, og til saman har elevane sprunge og gått mange mil. 2. klasse åleine fullførte 93240 meter.
Etter løpet var det pølsefest og vi takkar SPAR Jølstraholmen som sponsa pølser og brød til alle elevar.

Til no har det kome inn vel 38 000, kroner, og vi ventar at det vil komme inn meir i løpet av helga. Tusen takk til alle rause sponsorar!

Sponsorane bestemte sjølve kva beløp dei ville betale per. runde, og vippsar summen til Elevrådet Vassenden skule (vipps: 721231). Det er framleis høve til å vippse til Elevrådet. Pengane går sjølvsagt uavkorta rett vidare til TV-aksjonen.

Pengane går til menneske med funksjonsnedsettingar som lever i krig og fattigdom skal få betre moglegheiter til å delta og bidra i samfunnet.