Det finst fjell, det finst brefall, og så fantes det ein bratt skulebakke opp til SFO på Vassenden skuleEin veg så bratt at sjølv fjellgeiter nektar å gå der, og så glatt at alpingruppa har vurdert å bruke han som treningsarena. Her har generasjonar av foreldre, elevar og lærarar kava seg opp og ned – ikkje med verdigheit, men med broddar, stavar og ein bønn om å ikkje skli inn i neste veke. I dag er denne bakken som har generert utallige ufrivillige brå, merkelege og farlege fysiske rørsler gått inn i historiebøkene for godt. Under bygginga av uteområdet har firmaet Utemiljø klart å lage den slik at den kan brøytast, strøast og brukast med verdigheit! Jubel for assisterande rektor og rektor som hadde før-kaffimøte på vegen i dag kl. 07.30! Assisterande rektor har sin jomfrutur opp den nye vegstubbenVegen er ikkje berre glatt om vinteren – nei, han er alltid glatt. Om sommaren rullar steinar som om dei har fått beskjed om å sabotere skulegangen. Om hausten er han dekt av lauv som har inngått ein pakt med tyngdekrafta. Om vinteren har han vore snødekt med snø som om vi var på ekspedisjon i Alaska, eller hatt ei tynn, usynleg ishinne – eit spegel over asfalten, så perfekt og glatt at han kunne vore brukt som testarena for landslaget i kunstløp. Og om våren? Då kjem isen tilbake som ein ekskjærast med dårleg timing. Vaktmeisteren, stakkar, har prøvd alt. Han har brøyta, salta, bedt, og ein gong ønska han å legge varmekablar – men i frykt for at dei ville skli ned bakken før han fekk plugga dei i, vart planen avlyst. Han og leiinga har sendt inn så mange klager at kommunen har oppretta eit eige arkivskap berre for denne vegen. Rektor har handtert fleire avvik enn ein flyplass i snøstorm. "Forelder kom seg aldri opp med dressko – måtte til slutt skubbast", og "Lærar kom på jobb med ski og hjelm". Verneombodet har kjempa i vernerundene som ein viking i reglementets namn, med hjelm, skjold og talar inspirert av Tor med hammaren.Leiinga jublar den første dagen på ny veg opp til SFO frå parkeringsplassenMen trass i alt – folk har utruleg nok kome seg fram og opp! Nokre med stil, andre med skrubbsår og alle med ein heilt ny respekt for friksjon under skosålane sine. Skulebakken har blitt ein «rite of passage», ein karakterbyggande test i uthald og ufrivillig isklatring utan øks. Den har blitt eit lokalt fenomen der alle og ein kvar startar med kjensle av å ha full kontroll, før ein plutseleg har enda opp som medlem av ekstremsportmiljøet i Jølster. For sjølv om bakken har vore bratt nok til å få fjellklatrarar til å snu, og glatt nok til å få pingvinar til å klage, så er det noko med folket her på Vassenden: dei har kjempa og stått på for å få ungane på skule og SFO! Foto: Vassenden skule Sist endra 02.09.2025 09.59