Bedriftslaget til Vassenden skule på pallen i Helse Førde stafettenHistorisk kveld for laget til Vassenden skule! For første gang klarte bedriftslaget vårt å klatre heilt opp på premieplass med å bli det 3. beste laget. Og nesten enno betre; laget vart nummer 5. av alle lag som deltok i både idrett- og bedriftsklasse. Vi er definitivt den raskaste eininga i heile Sunnfjord kommune! Alle vi andre som jobbar på skulen er skikkeleg stolte og imponerte over kollegaene våre. Gratulerer så mykje!Og dette klarte lærarane på Vassenden skule sjølv om dei berre var 5 stykk som sprang dei 6 etappane. Kroppsøvingsansvarleg Arild Øygard tok ansvar for både 1. etappe og 6. etappe, der han i første etappe veksla som nummer tre.Her finn du resultatlista for 2025 Laget vårt bestod av desse tilsette frå Vassenden skule:1. etappe: Arild Øygard 2. etappe: Ola Eskeland Grimsbø 3. etappe: Fride Mardal 4. etappe: Ståle Fossheim 5. etappe: Merete Sandal 6. etappe: Arild ØygardStrava-registreringar frå tre av etappane Sist endra 23.05.2025 12.15