Barneskuleelevar på sykkeltur på Vassenden

Fleire klassar på barneskulen har vore på sykkeltur til Strand gard, og hatt "sykle til skulen-veke" 

I mai har fleire av klassane på barneskulen vore på sykkeltur til Strand gard, og har fått sett på kva som skjer av smått og stort på eit gardsbruk i mai månad. Ekstra kjekt at det er garden til Henriette Sunde som jobbar hos oss, dei får besøke. 
Vi er imponerte av at både 1.klasse og 2.klasse har sykla for eigen maskin både fram og tilbake, ein sykkeltur på 5 km kvar veg! 
Her er det mykje læring, og mykje meistring i å lese trafikkbilete og sykle i kø. 2.klasse-lærarane meldte tilbake om at elevane stoppa opp kvar gong det kom bil, og at "det kjem bil, det kjem bil" vart ropa bakover i rekkene til alle hadde fått det med seg.

Sykle til skulen-veke

I 3.klasse hadde dei førre veke "sykle til skulen-veke", der lærarane sykla til og frå skulen i lag med dei elevane som ønskte det, og dei trossa det noko uventa kalde vêret og sykla både i snø og regn. Målet er at sykkelopplæringa skal gje elevane gode sykkelferdigheiter slik at dei kan sykle til og frå skulen, samt på ulike utflukter i skulen sin regi i åra som kjem. 

Landskap med blå himmel, fjell, vatn og veg med syklande skuleungar - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune