Årets kamp er spelt på Øyaflata stadion Takk til 10. klasse som i går hadde avslutning av 10. år som elevar ved Vassenden skule! Vi ønsker dykk alle masse lukke til vidare.I tradisjonens tru avsluttar elevane skulegangen sin her med fotballkamp mot lærarane. I år vart det ein ekstremt spanande kamp mellom to veldig jamngode lag. Lærarane starta med å dunke inn det første målet, og skuffelsen var stor blant publikum som hovudsakleg heia på elevane. 10. klasse hadde eit lag med mange gode spelarar. Dei klarte å halde motet oppe og spele kvarandre gode. 10. klasse-laget svarte fort med å ta leiinga igjen. Då speletida gikk mot slutten var det uavgjort og vi måtte til med ekstraomgangar. Heilt på tampen av siste ekstraomgang såg det ut for at elevane skulle vinne, men rett før avblåsing klarte lærarlaget å snike inn eit siste mål og stillinga 3-3. Det vart litt diskusjonar om vi måtte til med straffespark, men klokka tikka og skulebussane skulle gå heim. Straffespark vart det rett og slett ikkje tid til, og laga måtte forsone seg med at det i år vart uavgjort. Dette er årets store kamp på Øyaflata stadion, der det er 9. klasse som har ansvaret for å vere objetive dommarar. Noko dei klarte heilt suverent i år også.Vi ønsker med dette å takke alle i 10. klasse for flotte år saman her på skulen, og ønsker dykk alle masse lukke til med framtida! Sist endra 20.06.2025 14.02