Arbeidet med å samle Vassenden skule i eitt bygg går som planlagtTiltaket vil bidra til eit meir samla og oversiktleg skulemiljø, med betre høve for samarbeid og fellesskap i kvardagen.SFO- avdelinga har flytta inn i Jølstrahallen slik at det er frigjort klasserom i same avdeling for plassering av ungdomsskulen.Sjå bildegalleri frå SFO i Jølstrahallen I samband med flytteprosessen vert det gjennomført nokre mindre vedlikehalds- og tilpassingsoppgåver. Dette omfattar mellom anna maling av enkelte klasserom. Det vert òg flytta relevant utstyr frå bygget som tidlegare har vore nytta til ungdomsskule, som til dømes avtrekksskap til naturfagrom og utstyr til elevkantina. For å sikre gode digitale rammer er det bestilt nytt utstyr til ei naudsynt oppgradering av det trådlause nettet. Skulen har òg gjort avtale med Gjesthalla om sambruk av parkeringsplassar og bruk av samfunnshuset til skulen sine fellesarrangement med elevar og føresette.Sjå bildegalleri frå flytting og ordning til nytt ungdomssteg Skulen har så langt gjort eit særs grundig og godt arbeid i prosessen, med gode lokale avklaringar og god oversikt over utstyr og møblement som skal nyttast vidare. Det vert no arbeidd med å planlegge sjølve flytteprosessen, slik at alt ligg til rette for ein smidig overgang. Målet er at lokala skal vere klare til elevar og tilsette kjem attende etter sommarferien. Sist endra 12.06.2026 09.21