Arbeidet i skulehagen er godt i gang

Nytt i år er at det vert gjerde rundt området. Elevane har og bygd ein fin steingard som inngang til hagen.

Arbeidet i skulehagen er godt i gang, og nytt i år er at det vert gjerde rundt området. Elevane har òg bygd ein fin steingard i den eine enden, som ein inngang til hagen. Snart skal potetene og løken i jorda, samt kålplantar og gulrot, som elevane har forkultivert. Elevane tykkjer det er kjekt arbeid, og endåtil er det nokre som har nemnt at dei har lyst til å bli bonde.

Vi vil nytte høvet til å takka for alle bidrag til prosjektet. Vi har fått bærbusker, rabarbra og mange fleire plantar. Tusen takk til dykk som har delt med oss!

Bilder frå arbeidet i skulehagen: