Råd og utval Vassenden skule

Råd og utval ved Vassenden skule består av elevråd, FAU og Skulemiljøutval. Les meir om organisering av utvala her. 

Elevråd

Alle skular skal ha eit elevråd. Elevrådet er elevane sitt demokratiske organ og sikrar at elevane som gruppe får medverknad. Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen, og arbeide for eit godt lærings- og skulemiljø. Elevrådet skal få uttale seg og kome med forslag i alle saker som gjeld skulen og nærmiljøet. Elevane er organisert i elevråd med representantar frå 2.-10. klasse. Skulen har ein tilsett som følgjer opp og rettleier elevrådet i deira arbeid. Det er som oftast elevar frå ungdomsskulen som er representert i Skulemiljøutvalet. 

Foreldreråd, foreldrekontaktar og FAU 

Alle foreldre ved skulen  er automatisk medlem av foreldrerådet. Kvar klasse har ein foreldrekontakt som er klassen sin representant i FAU. FAU har laga eige system for val av foreldrekontaktar der ein prøver å lage fordelinga klar når klassane går i 1. klasse. Foreldrekontaktane i kvar klasse er automatisk medlem i FAU, som er foreldra sitt arbeidsutval. FAU- vel kvart år ein leiar som er organet sin talsperson. I tillegg vert det valgt nestleiar og skrivar, samt medlemar som skal møte i Skulemiljøutvalet.

Skulemiljøutval (SMU) 

Skulemiljøutvalet har møte 2-3 gangar i halvåret. Her deltek det 3 medlemar frå FAU, 3 frå elevrådet, 2 representantar frå pedagoggruppa på skulen, ein tilsett frå andre yrkesgrupper, ein politisk representant og rektor. Skulemiljøutvalet kan drøfte alle saker som vedkjem skulenI Skulemiljøutvalet plar FAU ha leiarrolla, elevrådleiar vere nestleiar mens rektor er skrivar.

Innkalling og referat frå møte i SMU og FAU

Alle innkallingar, referat og skriv vert arkivert i kommunen sitt arkivsystem og er offentlege. Desse finn du ved å søke dei opp i kommunen si postliste.