Ved sjukdom og skade

Dersom elevar vert sjuke eller skadde i løpet av skuledagen vert dette følgt opp etter eigne rutinar der alvorsgraden vert tatt omsyn til. Ved behov for transport heim, eller legebesøk, er foreldre/føresette ansvarlige for å organisere dette. Vi nyttar Folkehelseinstituttet sine retningslinjer ved omgangssykje. Dette betyr at elevane ikkje skal leverast på skule eller SFO før det har gått 48-timar etter siste gang barnet hadde oppkast/diare. 

 

NIVÅ  1
ELEVAR SOM VERT LETTARE SJUKE / FÅR LETTARE SKADE

- VURDER OM ELEVEN SKAL REISE HEIM

  1. Vurder tilstanden til eleven.
  2. Om eleven må heim, tek du kontakt med foreldre/føresette pr tlf. Ev. be andre tilsette hjelpe eleven dersom du sjølv ikkje har tid.
  3. Gjer avtale med foreldre om heimsending. Foreldre har ansvaret, og må anten hente eleven sjølv, eller organisere transport heim på anna vis. Skulen kan hjelpe til med å  tinge drosje, som foreldre betalar.
  4. Ved skade skal den vaksne, som hadde ansvar for eleven når skade oppsto, fylle ut avvik i Rettesnora (same dag/dagen etter).
  5. Etter vurdering skal det fyllast ut skademeldingsskjema (NAV), som sendast til foreldre/førsette saman med ev. forsikringsskjema 

 

NIVÅ 2
ELEVAR SOM VERT ALVORLEGARE SJUKE / FÅR HARDARE SKADE

- TRENG LEGETILSYN (ev. tilsyn av tannlege ved skade i munn)

  1. Vurder tilstanden til eleven.
  2. Ta kontakt med nokon som kan hjelpe deg vidare. Send ev. ein elev .
  3. Nokon skal ta kontakt med foreldre/føresette pr tlf. Orienter kort om tilstanden til eleven. Ver nøytral i ordlaget, og unngå dramatisering.
  4. Om det vert vurdert legetilsyn, er det foreldra som skal avgjere om dette er naudsynt eller ikkje.
  5. Vurder om det bør ringast til lege for å drøfte situasjonen for vidare avgjerd. (Om det ikkje er mogeleg å kome i kontakt med foreldra, skal lege kontaktast for å drøfte og avgjere situasjonen).
  6. Ved avgjerd i samråd med foreldre om å ikkje kontakte lege: Følg opp heimsending jf. nivå 1. 
  7. Ved avgjerd om å konsultere lege skal foreldre hente barnet så snart som råd, og følgje opp legebesøket. Send med barnet/foreldra KLP – forsikringsskjema, som lege skal fylle ut saman med foreldre. (Kan ev ettersendast)
  8. Om foreldre ikkje kan gjere dette innan rimeleg tid, må skulen etter avtale med foreldre sende barnet med drosje til lege. Merk: Tilsett på skulen skal følgje barnet i drosja og vere på legesenteret mens barnet er til konsultasjon. Gjer vidare avtale med foreldre for henting/bringing. Foreldre /  føresette må betale drosjeutgifter.
  9. Ved skade skal den vaksne, som hadde ansvar for eleven når skade oppsto, fylle ut avvik i Rettesnora (same dag/dagen etter).
  10. Etter vurdering skal det fyllast ut skademeldingsskjema (NAV), som sendast til foreldre/førsette saman med ev. forsikringsskjema 

 

NIVÅ 3
ALVORLEG SJUKDOM / ALVORLEG ULUKKE 

- TRENG LEGETILSYN RASKT

  1. Vurder tilstanden til eleven.
  2. Ta kontakt med nokon som kan hjelpe deg vidare. Send ev. ein elev.
  3. Ring ambulanse.
  4. Nokon skal ta kontakt med foreldre/føresette pr tlf. Orienter kort om tilstanden til eleven. Ver nøytral i ordlaget, og unngå dramatisering.
  5. Tilsett frå skulen er med barnet i ambulansen og følgjer opp barnet fram til foreldre/føresette kjem på plass.
  6. Ved skade skal den vaksne, som hadde ansvar for eleven når skade oppsto, fylle ut  avviksskjema og levere til kontoret (same dag/dagen etter).
  7. Lærar som fyller ut avvik i Rettesnora (same dag/dagen etter).
  8. Etter vurdering skal det fyllast ut skademeldingsskjema (NAV), som sendast til foreldre/førsette saman med ev. forsikringsskjema

 

OVERSIKT OVER SKJEMA

  1. Avvik meldast i Rettesnora
  2. Skademeldingsskjema (NAV): fyllast ut ved alle skadar på nivå 2 og 3, og etter vurdering på skadar/uhell på nivå 1
  3. Forsikring 

 

Transport heim (nivå 1 & 2)

Foreldre har ansvar for transport heim, og må anten hente barnet sjølv eller organisere transport for eleven. Skulen tingar drosje dersom foreldre ber om dette. Foreldre må betale transporten.