Sunnfjord kommune

Skulemiljø & aktivitetsplikt

Skulemiljø & aktivitetsplikt

Vassenden skule har mange ulike tiltak og system i arbeidet med å lage eit godt og trygt skulemiljø. PALS er eit skuleomfattande program der vi arbeider førebyggande i alle klassar og på alle arenaer. Vidare følgjer vi opp elevane med ulike elevsamtalar, kartleggingar og har tilbod om sosiallærarar og skulehelseteneste i begge avdelingar. Kvar av klassane har fysisk aktiv læring (FAL) på timeplanen slik at vi sikrar at alle elevar får minst 30 minutt fysisk aktivitet kvar skuledag. For å trygge elevane sin skuleveg arbeider vi med Trygg Trafikk sitt program Hjartesone, der målet er at flest mogeleg skal gå og sykle til skulen. 

AKTVITETSPLIKT 
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle som jobbar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra. UDIR har ei flott og innhaldsrik nettside om elevane sine rettar til eit godt skulemiljø. Vi anbefaler alle om å nytte denne sida for å erverve seg kunnskap og få informasjon. Her står det også informasjon til foreldre om kva ditt barn har rett på, og korleis u som forelder kan gå fram dersom du bl.a. vil melde om mobbing eller bekymring for skule- og/eller klassemiljø for ditt barn. Vassenden skule arbeider etter Sunnfjord kommune sine system for å handtere aktivitetspliktsaker etter § 9-a. Ta kontakt med skulen om du er bekymra for klasse- og skulemiljø for ditt barn. 

PALS 
Vassenden skule arbeider med PALS som sitt førebyggande skulemiljøarbeid. Eit kjerneelement i PALS er at skulen har tre overordna reglar som gjeld alle partar: ANSVAR, OMSORG OG RESPEKT. Kvart år får alle tilsette utlevert ei oppdatert handbok med skulen sine overordna system for skulemiljøarbeid. I PALS arbeider vi bl.a. med dette: 

  • Positiv involvering og relasjonsbygging
  • Klasseleiing med effektive og gode beskjedar 
  • Øving på reglar i regelmatrisa for å få felles forståing 
  • Aktiv bruk av tilpassa konsekvensar 
  • Bra- kort og belønningar 
  • Aktiv og involverande inspeksjon i friminutt og pausar 
  • Kartlegging av skulemiljøet og sette inn eigna tiltak 
  • Individuelle støttesystem som tilpassa opplæring

Skulen har eit eige PALS- team som har møte kvar veke. Ta gjerne kontakt med ein av oss dersom du har spørsmål eller meldingar kring klasse- og skulemiljø. 

Randi G. Fagerheim  SFO leiar 
Laila M. Nydal  Assisterande rektor 
Marit Hoff Ungdomsskulesteget 
Linn Marie Solheim-Sunde  Sosiallærar barnesteg 
Siren H. Nilsen Sosiallærar usteg 
 Hilde Hegrenes  Assisterande rektor 
Anne Cecilie Kapstad

Rektor/Leiar PALS Team 

   


Om du ønskjer å lese meir om PALS- modellen kan du gjere det her (ekstern lenke).