PALS- Individuelle støttesystem

Som eit ledd i Pals-arbeidet, har Vassenden skule ulike tiltak som vi tilbyr elevar som treng ekstra støtte i ein periode. Her får du litt informasjon om nokre av støttetiltaka vi har i samband med PALS- arbeidet vårt. 

Sjekk inn og sjekk ut (SISU) 

Sjekk inn – sjekk ut er eit tilpassa tilbod for elevar som vi ser treng tettare oppfølging og rettleiing fagleg og/eller sosialt i ein tidsavgrensa periode på 6-10 veker. Hovudsakleg er tilbodet på barneskulen, men kan òg nyttast på ungdomsskulen. 

Tiltaket skal blant anna:

  • gje eleven påminning og positiv støtte til å vise forventa åtferd
  • knytte positiv kontakt mellom elev og vaksne
  • hjelpe eleven til å lykkast på skulen
  • gje eleven ein positiv start på dagen
  • gje eleven auka positiv merksemd
  • styrke skule-heim-samarbeidet

Det blir utarbeidd eit skjema saman med føresette og eleven, med eitt til to mål. Eit «sjekk-inn-sjekk ut»-skjema har ei oversikt over eleven si skuleveke, med fag og timar. Kvar økt gjev moglegheit for poeng, som på slutten av kvar skuledag og veke vert summert. Eleven får premie ved vekeslutt dersom han oppnår 80% av mogleg poengoppnåing.

 Slik fungerer ordninga i praksis:

Tidspunkt

Kva og kven

Ved skulestart

Eleven møter til sjekk inn- har med seg skjema. Vaksen sjekkar eleven inn ved å signere skjema og ein går gjennom dagen og måla

Etter kvar time

Lærar som har hatt timen, gjev poeng og signerer. Lærar skal informere eleven om poenga han har fått og kvifor.

Ved skuleslutt

Eleven møter til sjekk ut. Vaksen sjekkar han ut ved å summere poenga og signerer. Ein går gjennom korleis dagen har vore.

Etter skuletid

Eleven og føresette ser på skjema i lag og føresette signerer. Spesielt fokus på det som har vore positivt. Føresette må hjelpe eleven med å få skjemaet tilbake i sekken!

Etter skuletid fredag

Eleven møter på sjekk ut. Vaksen summerer poenga for heile veka og reknar ut om eleven har oppnådd 80% av poengsum. Dersom Ja, eleven får snurre eit hjul og velje seg premie. Dersom Nei- kort samtale om korleis ein kan klare dette komande veke, og oppsummering av det som var positivt i veka som var. 


Eleven si utvikling vert jamleg evaluert, og ein justerer opplegget dersom eleven ikkje klarer å nå måla sine over tid, eller ein ser at eleven er klar for vanskelegare utfordringar i tiltaket sitt. Dette for at eleven skal oppleve meistring og få positive opplevingar.

SNAP- "Stop Now And Plan" 

Målet med SNAP er å fremje sosiale kompetanse hjå barn vi ser strevar med det sosiale samspelet med andre barn. Det kan til dømes vere elevar som har vanskar med å forstå reglar i leik, korleis ein inviterer seg inn i ei gruppe, og korleis ein deltek i leik. Målsettinga er å lære barna gode strategiar for å løyse problem når dei oppstår og meistre sinne/frustrasjon. Dette blir gjort gjennom rollespel, direkte instruksjon, modellæring, instruksjon og rettleiing, ros og handfast premiering for positiv åtferd. SNAP føregår i grupper på 3-6 elevar eller individuelt. Barnet/ ungdomen er med på SNAP i ein periode på 6-10 veker, 1-2 timar pr. veke.

Ved spørsmål, ta kontakt med kontaktlærar! 

Livet & Sånn

 Livet&Sånn er eit gratis opplæringsmateriell for folkehelse og livsmeistring i barnehage og på alle årssteg i grunnskulen. Opplegget er tett knytt opp til den nye læreplanen der vi skal arbeide med folkehelse og livsmeistring. 

Timen Livet 

Klassane kan og nytte Timen Livet til å samtale om tema og opplevingar elevane har hatt. Målet er å lære oss å snakke om ting som kan vere utfordrande å setje ord på, og å snakke om kjensler vi har. 

Zippys venner 

I dei yngsteklassane kan lærarane velje å bruke programmet Zippys venner i samtalane med elevane og klassane. programmet er trening i utfordringar dei yngste elevane møter på, og lære oss å handtere dette. Livsmeistring!