Leksepraksis på Vassenden skule

Hausten 2025 har pedagogane saman med FAU og Skulemiljøutvalet utarbeidd ein felles leksepraksis på skulen. Målet er ein meir felles leksepraksis på skulen, der lekser skal bli betre tilpassa den enkelte elev. Arbeidet har resultert i ei rutine som skulen skal teste ut før evaluering om 1-2 år. I arbeidet med den nye rutinen har skulen m.a. nytta både forsking, kunnskap om tilpassa opplæring, resultat på elevundersøkinga og erfaring frå både pedagogar, elevar og foreldre.

Våre 5 prinsipp for lekser

  1. Lekser skal ha eit klart formål og vere fagleg forankra i det elevane arbeider med på skulen.
  2. Lekser skal vere tilpassa den enkelte elev sitt nivå og heimesituasjon, og bidra til meistring og inkludering.
  3. Mengda lekser skal vere moderat, og gi rom for fritid, familieliv og balanse i kvardagen. Innspel frå foreldre skal leggast stor vekt på.
  4. Variasjon i type lekser er viktig – både faglege, praktiske og kreative oppgåver kan styrke motivasjon og læring.
  5. Skulen skal ha ein felles og samkøyrt praksis, som blir evaluert jamleg og justert i tråd med forsking og erfaringar.

 

Sjå rutine for leksepraksis (PDF, 155 kB)