La alle vere trygge på skulen - respekter Hjartesona vår! På Vassenden skule møter du på Hjartesoneskilt. Desse er ei påminning til alle om at skulen skal vere eit bilfritt område. Vi har eit flott uteområde som barn og unge skal bruke trygt døgnet rundt 365 dagar i året. Derfor er det viktig å halde skulen si Hjartesone fri for bilar og andre motoriserte køyretøy. Parker bilen på parkeringsplassane og la borna ha ein trygg aktivitet på skuleområdet! Hugs på at Hjartesona startar rett før Jølstrahallen og at ein ikkje skal køyre inn her verken i skuletid, på kveldstid eller i helgar. I tilkomsområde er det berre lov for skulebussane å stå før og etter skuletid. Dei med gyldig handikap-oblat kan og parkere på handikap-parkering i området ved pumptracken, og skulen kan ta imot varelevering. Det er montert eigne skilt for å vise kvar vi har bestemt at vi skal ha droppsone. Denne er nede ved Gjesthalla/Øyaflata. Denne skal brukast til all på- og avstigning frå privatbilar. Om du skal på aktivitet i Jølstrahallen, eller på skulen, ønsker vi at alle får inn god rutine med å bruke droppsonene og parkere på parkeringsplassane utanfor Hjartesona. Parkeringsplassane til rundt skulen er ved Øyaflata fotballbane og Gjesthalla. Tips: Legg inn 2-3 min ekstra med tid så har du god tid til å gå opp og lage skulen til ein trygg stad for alle å vere! Vassenden skule si Hjartesone er laga i samarbeid med Trygg Trafikk. Hjartesone- Trygg Trafikk Lilla hake viser kvar du kan parkere/køyre og dei rosa kryssa viser kvar du ikkje kan parkere/køyre. Norgeskart Sist endra 01.07.2026 13.09