Elevane har rett til skulehelseteneste. Skulehelsetenesta er ein del av det kommunale helsetilbodet, og består av helsesjukepleiar og skulelege. Vibeke Barlund Fraas er tilsett som helsesjukepleiar ved Førde Helsestasjon, med arbeidsstad på Slåtten skule. Helsesjukepleiar har kontoret sitt i administrasjonsbygget på skulen og har kontortider kvar dag frå 08.30-15.00.
Elevar, foreldre og lærarar er velkomne til å ta kontakt!
I barneskulen er det oftast føresette eller lærar som tek kontakt, men eleven er velkomen på kontoret når han/ho eventuelt måtte ynskje det. Helsesøster har teieplikt.
Kommunal informasjon om skulehelsetenesta