Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta arbeider helsefremjande og førebyggande, både med psykisk- og fysisk helse og sosiale forhold. Helsesjukepleier rettleiar, gjennomfører helseundersøkingar, vaksinerer, følgjer opp og sender saker vidare ved behov.

Skulehelsetenesta - Samarbeid

Samarbeid med elevar, heim og skule er ein viktig føresetnad for å lykkast i arbeidet. På Slåtten er det Vibeke Barlund Fraas som har denne oppgåva.

Elever kan ta kontakt med Vibeke når ho er på skulen. Helsesjukepleiar har kontortid måndag–fredag: 08.30–15.00. Ønsker føresette kontakt med Vibeke, kan de ringe for å få avtale. Alt som angår den enkelte elev si helse og trivsel kan ein ta opp.

Elevane har rett til skulehelseteneste. Skulehelsetenesta er ein del av det kommunale helsetilbodet, og består av helsesjukepleiar og skulelege. Vibeke Barlund Fraas er tilsett som helsesjukepleiar ved Førde Helsestasjon, med arbeidsstad på Slåtten skule. Helsesjukepleiar har kontoret sitt i administrasjonsbygget på skulen og har kontortider kvar dag frå 08.30-15.00. 

Elevar, foreldre og lærarar er velkomne til å ta kontakt!

Kontaktinformasjon og kontortid

Helsesjukepleiar Vibeke Barlund Fraas

I barneskulen er det oftast føresette eller lærar som tek kontakt, men eleven er velkomen på kontoret når han/ho eventuelt måtte ynskje det. Helsesøster har teieplikt.

Kommunal informasjon om skulehelsetenesta

Kontakt

Slåtten skule
E-post
Telefon 57 83 45 00

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Angedalsvegen 71
6810 Førde

Postadresse:
Slåtten skule
Postboks 338
6802 Førde