Utleige - Slåtten skule

Slåtten skule leiger ut gymsal, kjøkken og lokale i Firkløveren. 
Søknadsfrist 5. august.

Utleige av gymsal

Det er stor pågang for å få treningstid i gymsalen ved Slåtten Skule. Du får tildelt treningstider for eit skuleår om gongen. Aktivitetar for born og ungdom blir prioritert. Dei som søker etter fristen, vil få tildelt timar fortløpande der det eventuelt er plass. Vi vil ikkje ha utleige til trening laurdag etter kl. 12 og søndag før kl. 19. Søknadsfrist 5. august.

Søk om treningstid skuleåret 2023/2024

I helgane blir gymsalen leigd ut til enkeltståande arrangement som t.d. bursdagar.

Utleige av kjøkken

Skulekjøkkenet vert utleigd fortløpande.

Utleige av Firkløveren (Hus 6)

Lokala vert utleigd fortløpande. Dette er eit godt lokale til selskap, der du og har tilgang til eit lite kjøkken. 

Kontaktinformasjon

Kontakt

Slåtten skule
E-post
Telefon 57 83 45 00

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Angedalsvegen 71
6810 Førde

Postadresse:
Slåtten skule
Postboks 338
6802 Førde