Skulestart 1. steg

Skulestart 2025

Vi gler oss til å ta i mot nye førsteklassingar hausten 2025.  Elevane møter til førskuledag onsdag  4. juni klokka 09.10. Vi ser fram til å bli kjende med både elevar og føresette.

Informasjonsmøte 

Onsdag 19. mars klokka 19.00 inviterer vi til informasjonsmøte for føresette som har born som byrjar i 1. klasse hausten 2025. Der vil det vere informasjon om skulen, SFO, skulehelsetenesta, skulestart og rutinane kring søknad om SFO-plass. Invitasjon til dette møtet vert sendt ut per post. 

Førskuledagen

Onsdag 4. juni inviterer vi til førskuledag.

Programmet for dagen vert slik:

09.10–09.30: Oppmøte og opprop utanfor inngangen til 1. klasse. 
09.30–10.30: Bli kjend med gruppa og kontaktlærar
10.30–11.00: Fadrane kjem på besøk og vi leikar ute.
11.00–11.30: Avslutning av dagen i gruppa.

Denne dagen får de møte kontaktlæraren og fadrane, og vi gler oss til å bli kjende med elevane og dykk som føresette.

Klasseinndeling

I år byrjar det rundt 54 elevar, noko som gjer at vi vel å planleggje for tre klassar med rundt 18 – 19 elevar i kvar klasse.

Hovudlinja for deling vil vere geografi, men vi ønskjer òg ei relativt jamn fordeling av gutar og jenter i klassen. Meir informasjon om dette kjem på foreldremøtet onsdag 19. mars.

Første skuledag

Måndag 18. august møter 1. klasse klokka 09.15 ute på skuleplassen

Då vil elevane bli ropt opp klassevis og gå til klasseromma sine saman med kontaktlærar, to og to elevar blir ropt opp saman. Hugs å ta med matpakke og drikke til matpausen, uteklede til friminutt og innesko.

Føresette kan vere i klasserommet i lag med oss i starten på dagen, eller lenger om du treng det. Rundt klokka 11.00 blir det eit kort informasjonsmøte frå SFO til føresette. Skuledagen er slutt klokka 13.30.

Kontaktinformasjon føresette

Kvar enkelt føresett må logge seg inn i det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole, og legge inn namn, adresse,  telefonnummer og epostadresse. Du loggar deg inn med ID-porten (t.d. Bank-ID).

Logg inn i Visma Flyt skole

Vi ser fram til å treffe våre nye 1.klassingar og føresette. Vi ber om at de raskt tar kontakt med skulen om det skulle vere noko de lurer på. 

SFO

Opningstida til SFO er 07.00 – 16.30. Frist for påmelding til SFO er 1. april. Vi har eigne sider med meir informasjon om SFO.
SFO på Slåtten skule

Kontakt

Slåtten skule
E-post
Telefon 57 83 45 00

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Angedalsvegen 71
6810 Førde

Postadresse:
Slåtten skule
Postboks 338
6802 Førde