SFO Skei skule

Her finn du informasjon som gjeld spesielt for SFO ved Skei skule. Informasjon om påmelding, oppseiing og prisar finn du på Sunnfjord kommune si felles SFO-side. 

Om SFO 

SFO er ein del av den samla verksemda til skulen. Vi jobbar for heilskap og samanheng mellom skule og fritid. SFO skal gje borna eit variert fritidstilbod. Vi vekslar mellom frie og styrte aktivitetar inne og ute. SFO skal gje borna omsorg, tilsyn og tryggleik.

Hugs gode, vasstette og varme kle til ungane, vi er mykje ute i allslags vêr.

Kontaktinformasjon SFO

Tilsette ved SFO

  • Maria Sture, SFO-leiar (administrativ)
    E-post: Send e-post
  • Inger Elin Egge, SFO-leiar (dagleg drift)
    E-post: Send e-post
  • Emil Erikstad, barne- og ungdomsarbeidar
  • Tonje Vigdal, barne- og ungdomsarbeidar
  • Janne Helgås, barne- og ungdomsarbeidar
  • Mona Kristine Pedersen Førde, barne- og ungdomsarbeidar
  • Kristense Vollstad Hansen, lærling
  • Amalie Varpe Gjesdal, lærling

Årsplan

Årsplan for SFO 2025–2026 (PDF, 849 kB) 

Påmelding til SFO i feriar

Barn som skal vere på SFO i feriar gjennom skuleåret (haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie, sommarferie) må søkje om dette i forkant av kvar ferie. Skulen sender ut informasjon om påmelding i forkant av feriane. 

Ferie-SFO i haustferien, juleferien, vinterferien, påskeferien og sommarferien er samordna på Vassenden skule. Merk at sommar-SFO kan verte flytta til ein annan skule dersom det er få som melder seg på. Sommar-SFO har ope to veker etter skuleslutt, og to veker før skulestart.

 Elevar som skal til i 1. klasse har ikkje høve til å nytte sommar-SFO før dei startar på skulen.

Kontakt

SFO Skei skule
E-post
Mobil 40 44 60 30

Opningstider

Måndag: 07.00–09.00 og 12.00–16.30

Onsdag: 07.00–09.00 og 12.45–16.30

Tysdag, torsdag, fredag: 07.00–09.00 og 14.30–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Jølstravegen 3310
6843 Skei

Postadresse:
Skei skule
Postboks 338
6802 Førde