Sande skule står på for TV-aksjonen

Vi på Sande skule har tradisjon for å bidra til TV-aksjonen. I tida før aksjonen jobbar elevar og tilsette i lag for at 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv.

Skuleløp

Mandag 29. september gjennomførte vi skuleløp for dei tilsette - for 3. år på rad. 

Fredag 17. oktober skal elevane på 1–10 trinn gjennomføre løpet, også dette tredje år på rad.  Elevane er då delt inn i grupper, slik at vi blandar elevane på tvers av trinn. 

  • 1–4 spring 30 minutt
  • 5–7 spring 45 minutt 
  • 8–10 spring 60 minutt

Aksjonsveke

I tillegg har elevane på 5–7 hatt TV-aksjonsveke. Her arbeider dei i ulike grupper og produserer ymse produkt, t.d. tennbrikettar, smørkniv, mat til sal. 

Torsdag denne veka vert føresette og heimar til elevane på 5-7 invitert til skulen, der dei får anledning til å kjøpe produkt, gå på kafé og på den måten bidra til årets tv-aksjon. Elevane har i tillegg gjennomført Salaby sitt undervisningsopplegg knytt til årets tema.