Kontaktinformasjon SFO Holsen skule
Telefon: 90 60 12 93
Tilsette ved SFO Holsen:
- Per Inge Seime, rektor
- Kristine Brynjulfsen, fagarbeidar og ansvarleg for SFO
- Inger-Lise Valestad – fagarbeider
- Ingly Johanne Sunde – assistent
- Inger-Unni Juklestad-Holsen, miljøarbeidar
Opningstider SFO
Påmelding til SFO
Du søker på felles opptak i Sunnfjord kommune. Hovudsøknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året. Du kan søke om opptak gjennom heile året med oppstart den 1. eller 15. i kvar månad.
Når påmelding er sendt og registrert vil de få tilsendt elektronisk skjema til utfylling av tidspunkt/økter de skal ha SFO. Dette for at SFO skal vere bemanna riktig ut frå barnetal.
Søk om SFO-plass
Informasjon om sfo-tilbod og prisar
Dersom du seinare ynskjer å endre eller sei opp tilbodet gjer du dette på same innloggingsplass som du søkte om plass.
Oppseiing eller endring av SFO-tilbod
- Oppseiingsfristen er på 1 månad. Skriftleg melding må sendast I VISMA til skulen før den 1. eller 15. i påfølgjande månad.
- Dersom du ønskjer å byte til eit mindre tilbod gjeld også oppseiingsfristen på 1 månad. Ved byte til større tilbod kan endringane gjelde straks dersom det er plass.
- Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for eleven etter 1. april.
Endre eller sei opp SFO-plass
Praktiske opplysningar
- SFO følger skuleruta, dvs SFO ved Holsen skule og barnehage er i drift dei dagane elevane er på skulen.
- Om sommaren kan elevane få eit tilbod i Sunnfjord kommune. Dette tilbodet blir lagt til ein av skulane i kommunen.
- Det er mogleg å kjøpe einskilddagar. Ta kontakt med rektor
Om Holsen SFO
På Holsen er SFO-ordninga knytt til både barnehagen og skulen. Dette fordi barnehagen har ei opningstid som ligg til rette for eit godt tilbod. Det gjer det og enklare for foreldre som har barn i både skule og barnehage. Elevane som kjem før klokka 08.00 kan leverast på Blåmann. Klokka 08.00 vert dei henta av SFO-assistenten og tekne med til skulen. Etter skuletid er skulen basen. Vi bruker dei lokala som tenar aktiviteten vi held på med best. Det kan vere klasserom, gym.sal, gapahuken eller kjøkken.
I SFO-tida skal barna ha tilsyn, kjenne seg trygge og bli viste omsorg. Dei timane barna er på SFO skal vere barna si «fritid". Difor har leiken stor plass. Leiken er ein viktig del av barnekulturen og viktig for barna sin vekst og utvikling. Dei vaksne legg og til rette for «organiserte» aktivitetar etter ynskje frå barna. Dette kan vere å lage mat, gjere lekser, gå på tur eller ha enkle formingsaktivitetar.
Årsplan for Holsen SFO 2020-2021
I årsplanen vår finn du målsettingar, planar og praktiske opplysingar om skulefritidsordninga (PDF, 2 MB).
Målet for arbeidet i SFO er forankra i statlege dokument og i vedtektene for SFO i Sunnfjord kommune.
Lov og vedtekter som gjeld SFO