Holsen skule sin basar for TV-aksjonen

På Holsen skule sin basar går inntekta i sin heilheit til TV-aksjonen.

Basaren vart gjennomført 30. september. Det er tradisjon på skulen å halde basar til inntekt for TV-aksjonen årleg. 

Skulen hadde åresal, kafé, bowling og «Spøkelsehus». Totalt vart det samla inn nesten 17 500 kroner.  Dette gjev eit snitt på nesten 500 kroner pr. elev. 

Stor takk til elevar, tilsette, føresette, besteforeldre og bygdefolk for støtta til Atlas-alliansen!

Årets TV-aksjon skal sørge for at naudhjelp kjem fram til funksjonshemma, og at 200 000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia får eit betre liv. Pengane skal gi hjelp til menneske med funksjonsnedsettingar i land som er råka av krig, kriser og fattigdom.

Les meir om årets TV-aksjon i Sunnfjord