Årskalender Holsen skule

Skuleruta 

Oversikt over skuleruta for inneverande og neste skuleår finn du her

Faste ting vi gjer gjennom året på Holsen 

Juleverkstad/nissefest

Kvar desember har vi på skulen eit juleverkstad. Då deler vi oss opp i grupper på tvers av klassane og lagar julepynt/juleting. Kva vi lagar og kor mange grupper vi har varierer frå år til år. Dagen vert avslutta med grautfest saman med barnehagen. På grautfesten har vi mandel i grauten, julesongar og ofte nissebesøk.

Skulegudsteneser

Til kvar jul og vår deltek vi på skulegudsteneste. Dette er ei vanleg gudsteneste, der alle som vil kan delta. På gudstenestene deltek elevane med song, tekstlesing og dramatisering.

Førjuls-og sommarfest

Til jul og våren inviterer vi foreldre, søsken og besteforeldre til ein kveld med program og god mat. Dette er eit samarbeid med foreldrearbeidsutvalet, som står for maten. Elevane bidrar med eit flott og underhaldande program.

Symjing

Annankvar fredag reiser vi saman med Frøysland skule til Førdehuset, og har symjeopplæring. Vi legg stor vekt på at elevane skal vere trygge i vatn. I symjeundervisninga er vi innom vanntilvenning, ulike symjeteknikkar, dykking og livredning. Siste symjedagen før jul og sommarferien får elevane lov til å ha fri symjing. Dette er også den dagen ein har ope stupetårna.

Idrettslag

På våren i mai, juni reiser vi saman med andre krinsskular til Stadion og har idrettsdag. Denne dagen er det fokus på aktivitet. Når vi driv med friidrett prøvar vi å klare krava til idrettsmerke. Dagen vert avslutta med symjing i Førdehuset.

Lesing

Skulen legg stor vekt på lesing og leseglede. Det er viktig at elevane får så mykje lesetrening som mogeleg, slik at dei blir gode lesarar. Derfor blir det kvart skuleår lagt fokus på lesing i form av ulike leseprosjekt. Leseprosjekta kan vere klasseviss eller på tvers av klassar. Korleis prosjekta vert lagt opp er individuelt i frå klasse til klasse.

Fadderordning

Eldre elevar er fadrar for førsteklassingane. Fadrane hjelper litt ekstra til med å vise rundt i friminutta i starten av skuleåret. Periodevis har dei også eit friminutt ein gong i veka, der dei har organisert aktivitet i lag med fadderbarna. Det kan også vere andre aktivitetar både inne og ute.

Leirskule

Tredje kvart skuleår reiser 5-7 på leirskule. Vi reiser til Balestrand for å lære litt om livet med Sognefjorden. Dette er ei veke med mykje læring, både fagleg og sosialt. Vi treff også andre skuleklassar frå andre delar av landet. Det er ekstra hyggeleg at Frøysland skule reiser samtidig med oss.

Kontakt

Holsen skule og barnehage
E-post
Telefon 57 72 44 27

Barnehagen:
avdeling Nøtteliten: 97 42 95 41
avdeling Blåmann: 47 67 09 86

Om du skal sende personopplysningar send dei på eDialog

Adresse

Besøksadresse:
Holsen, 6819 Førde 

Postadresse:
Holsen skule og barnehage
Postboks 338
6802 Førde