Halbrend skule er no under omstilling til ein barneskule med 1.-7. trinnHalbrend skule er under omstilling frå ein 6–10 skule til ein barneskule med 1.-7. trinn. Dette betyr at skulen har behov for nokre endringar knytt til elevgruppa. Det vert i desse dagar arbeidd med oppgradering av uteområdet i samarbeid med entreprenør, slik at det i større grad vert tilpassa aldersgruppa ved barnetrinnet. I tillegg er det kjøpt inn nye garderobeløysingar for dei minste elevane, og det er gjort eit omfattande arbeid med å etablere gode og funksjonelle lokale for skulefritidsordninga (SFO).Skulen har hatt gode lokale prosessar og har gjort eit systematisk arbeid med å rydde, kartleggje og førebu overgangen til ny struktur. Det vert no jobba med ein heilskapleg plan for flytteprosessen, slik at skulen står godt rusta til oppstart etter sommarferien, med løysingar som er tilpassa elevane på barnetrinnet. Sist endra 10.06.2026 09.23