Oppgradering og tilpassing av bygget på Hafstad til ny Førde ungdomsskule er i rute

Den tidlegare vidaregåande skulen vert no tilpassa til å bli eit funksjonelt og framtidsretta ungdomsskulebygg.

Det vert gjort nødvendige tilpassingar for å møte behova til ungdomstrinnet, mellom anna etablering av skulekjøkken og rom for kunst og handverk. Samstundes vert det gjennomført ei rekkje kvalitetshevingar i bygget, som utskifting av himlingsplater for betre akustikk, maling av overflater i lyse og trivelege fargar, og nytt golvbelegg. Dette vil bidra til eit funksjonelt og tiltalande skulemiljø for både elevar og tilsette.

I bygget vert det etablert rom og soner tilpassa elevar med særskilde behov, i tillegg til areal for sosialisering blant elevar. Uteområdet skal også oppgraderast slik at det stimulerast til aktivitet.

Det er lagt ned eit solid arbeid lokalt i førebuingane til oppstart i nytt bygg. Dei tilsette har jobba veldig godt i prosessen og førebudd seg på korleis den nye organiseringa vert. Skulen har god oversikt over utstyr og behov, og det vert no arbeidd med detaljert planlegging av innflytting og oppstart. Målet er ein god og føreseieleg overgang, der alt ligg til rette for elevar og tilsette frå første skuledag etter sommarferien.