Lesemeisterskapet ved Førde barneskule 2025I veke 47 og 48 i november arrangerar skulen lesekonkurranse. Desse vekene konkurrerer klassane, og elevane, om å bli årets beste leseklasse og beste leseelev!Elevane samlar poeng for lesetid i skuletida. Vi tel tid – ikkje sider, slik at alle kan bidra etter sine føresetnadar.Lesinga kan skje i alle fag. Eksempel på lesetid er lesekvart, eigenlesing, høgtlesing, lydbok, lekselesing eller lesing av tekst i naturfag. Lesing i alle fag skal telle.I tillegg kan elevane samle «ekstraminuttar» til seg sjølv og klassen sin ved å skrive bokmeldingar. Desse vil bli samla i permar og kan brukast av andre elevar som inspirasjon til å finne nye bøker.Målet med Lesemeisterskapet 2025 er å inspirere elevane til meir lesing i skuetida – kvar dag. Vi ønskjer å skape gode lesevanar og leseopplevingar ved skulen. 🏆 Klassen med høgast poengsum får festtime i biblioteket/amfiet!🥇 Vi kårar ein elev frå 1.-4. steg og ein frå 5.-7. steg som beste leseelevar. Desse vil bli premiert med gåvekort som kan nyttast på Norli. Sist endra 12.11.2025 12.03