Leik for alle - eit inkluderande skulemiljø i praksis

Ved Førde barneskule har dei gjennom skuleåret 2024/25 utvikla prosjektet «Leik for alle» – eit tiltak som kombinerer aktivitet, ansvar og fellesskap i skulegarden.

Prosjektet består av tre hovuddelar:

  • Lånebod – Elevane kan låne leikar og utstyr i friminutta, og det er elevane sjølve som har ansvar for drift og orden. Dette har ført til meir aktivitet, mindre konflikt og større eigarskap til skulemiljøet.
  • Time Out – Ei fast nyheitssending i klasseromma kvar veke, der elevar og tilsette deler informasjon, utfordringar og humor. Dette styrkjer fellesskap, respekt og inkluderande kommunikasjon.
  • Aktivitetsleiarar – Elevane kan søke jobb som leiarar for leik og aktivitet i friminutta. Dette gir tryggleik og struktur for dei som treng det, og byggjer vennskap på tvers av klassar og alder.
     

Prosjektet er eit strålande døme på korleis vi arbeider for å betre folkehelsa for alle elevane og lærarane på Førde barneskule, som igjen vil vere med å skape grunnlag for inkludering, samhald og fellesskap.

Kontakt

Profilbilde av Therese Helland
Therese Helland
Rektor
Telefon 57 72 10 82
Mobil 91 59 17 51