Førde barneskule har vore så heldige å få vere med i eit stort prosjekt her i kommunen. Førde barneskule, i samarbeid med BUFA, ungdomsskulen, kommunen og biblioteket, skal drifte, organisere og styre ein stor hage der det skal dyrkast ulike ting. Til sjuande og sist er ønsket vårt at dette skal vere barna og ungdomane sin hage – men sjølvsagt med hjelp frå oss vaksne rundt.
Målet med prosjektet
Målet med prosjektet er å skape ein arena for meistring, tilhøyrsle og for lokalmiljøet. Vi har også solid forankring i læreplanen gjennom folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap, samt integrering og sosial inkludering.
Dei som er ansvarlege for prosjektet frå skulen si side, er Alina Doroshenko og Øyvind Fougli Vraalsen. Alina kjem frå Ukraina og kom til Noreg i 2023. Ho er utdanna lærar frå Ukraina og byrja å arbeide ved skulen vår hausten 2024. Heime i Ukraina hadde ho og mannen hennar ein stor hage med mange ulike plantar og blomar, så her har vi fått ein kjemperessurs inn i prosjektet. Øyvind er austlending med personleg lidenskap for hage og jordbruk, og er utdanna lærar ved HVL Sogndal. Han har jobba ved skulen vår i tre år, og er no i gang med sitt fjerde.
Aktivitet i hagen
I hagen har vi så langt rydda, flytta og rive ein del gammalt som stod der, og diskutert idear om kva som kan vere mogleg å få til. Før vi gjer store endringar, ønskjer vi å ha med eit utval elevar som får vere med og utforme hagen i si heilskap. Kva for elevar som får vere med på prosjektet 100 % er ikkje bestemt enno, men elevar og foreldre til dei utvalde vil få meir informasjon når den tid kjem. MEN, hagen skal vere for alle uansett – slik at alle klassar kan bruke området, og de som familiar kan bruke det i kvardagen.
Vi gler oss til å kome skikkeleg i gang med Aminahagen! Vi sender ut meir informasjon når vi har avklara kven som får tilbodet om å utforme hagen, og foreldra til desse elevane vil få spørsmål om godkjenning.
Bilder frå hagen