Aminahagen blomstrar

Sjå bildegalleri frå alt som veks i Aminahagen!

Våren i Aminahagen vart prega av mykje positivt og kjekt arbeid, planlegging og nye plantar. Hagen og drivhuset vart gradvis fylte med grønsaker, urter, blomar og andre spennande vekstar.

Etter kvart som våren gjekk over i sommar, kunne vi sjå korleis hagen forandra seg. Små plantar voks seg større, nye blomar kom til, og drivhuset vart fylt med grøne blad og fargar.

Sommaren i Aminahagen viser resultat av ein innhaldsrik vår – ein frodig hage full av liv, vekst og glede.