Foreldremøte før skulestart
Torsdag 21. mars kl. 18.00 inviterer vi til foreldremøte for dei som skal starte i 1. klasse hausten 2024. Der vil det vere informasjon om skulen, SFO og skulestarten og rutinane kring søknad om SFO-plass. Invitasjon til dette møtet er sendt ut pr. post til alle.
Førskuledagen
Torsdag 6. juni inviterer vi til førskuledag.
Programmet for dagen vert slik:
09.30 – 09.45: Oppmøte og opprop utanfor mediateket (ved den store grana).
09.45 – 10.30: Bli kjend med gruppa og kontaktlærar
10.30 – 11.00: Fadrane kjem på besøk og vi leikar ute.
11.00 – 11.30: Avslutning av dagen i gruppa.
Denne dagen får de møte kontaktlæraren og fadrane, og vi gler oss til å bli kjende med elevane og dykk som føresette. Vi legg ikkje opp til noko matøkt denne dagen.
Klasseinndeling
Dei siste to åra har vi delt første klasse i tre grupper med kvar sin kontaktlærar. Dette har medført ei ny inndeling til to klassar til andre klasse. Det har vore greitt for mange elevar, medan andre synest det kan vere travelt å starte i ei ny gruppe i andre klasse. Vi kjem derfor til å dele dette kullet i to klassar, men med same tal lærar- og assistenttimar. Dette gjev gode høve gruppedelingar og høg vaksendekning innanfor det som blir to klassar med 24 elevar. Hovudlinja for deling vil vere geografi, men vi ønskjer og ei relativt jamn fordeling av gutar og jenter i klassen. Meir informasjon om dette kjem på foreldremøtet den 21. mars.
Første skuledag
Måndag 19. august byrjar vi klokka 10.00 ute på skuleplassen. Då vil elevane bli ropt opp klassevis og gå til klasseromma sine saman med kontaktlærar. Hugs å ta med matpakke og drikke til matpausen, utekle til friminutt og innesko.
Føresette kan vere i klasserommet i lag med oss i starten på dagen, eller lenger om du treng det. Det blir eit kort informasjonsmøte frå SFO til føresette, rundt klokka 11.00. Skuledagen er slutt kl 13.30.
Kontaktinformasjon foreldre
Kvar enkelt føresett må logge seg inn i det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole, og legge inn namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Du loggar deg inn med ID-porten (t.d. Bank-ID).
Vi ser fram til å treffe våre nye 1.klassingar og føresette. Vi ber om at de raskt må ta kontakt med skulen om det skulle vere noko de lurer på. Spør gjerne etter rektor Sindre eller SFO-leiar Kristine.
Aktuelle skjema ved skulestart: