Prosjekt: Ny ungdomsskule på Hafstad

Ny ungdomsskule på Hafstad er under planlegging, med opning hausten 2026. Skulen får kapasitet til 550 elevar og moderne fasilitetar som legg til rette for fleksibel undervisning, inkludering og gode læringsmiljø.

Sunnfjord kommune planlegg å etablere ein ny ungdomsskule på Hafstad med kapasitet til 550 elevar. Skulen skal stå klar til skulestart hausten 2026. I perioden frå 2026 til 2029 er det venta ein gradvis reduksjon i elevtalet til om lag 480 elevar fordelt på 18 klassar. Dette vil påverke behovet for kapasitet og talet på årsverk.

Skulen på Hafstad vert i dette prosjektet dimensjonert for 19 klassar, med tilstrekkeleg tal klasserom og spesialrom. I den første perioden, fram til elevtalet går ned, vil musikkrommet og eitt av romma til kunst og handverk bli nytta som klasserom. Ved behov vil ein også kunne nytte seg av særs gode fasilitetar på Kulturskulen og Førdehuset.

Det er planlagt to skulekjøkken og to naturfagrom, som skal dekke skulen sitt behov. Bygget vert også godt tilrettelagt for elevar med særskilte behov, med ei eiga avdeling som inkluderer brukarrom, stellerom og eit større fellesrom. Det blir installert takheis og ramper der det er naudsynt for å sikre god tilgjenge.

På Hafstad er klasseromma gjennomgåande større enn standarden på 64 m² for 30 elevar, noko som kan gi rom for meir fleksibel undervisning og tilrettelegging.

I tillegg inneheld bygget eit fellesrom på 245 m² som skal nyttast til samlingar og kantine, med kjøkken for elevbruk. Bygget har også eit auditorium på 85 m².

I første etasje, mot glasgarden, kjem det eit skulebibliotek med tilknyting til skrivestove og kontoret til miljøarbeidar. Toalett, garderobar og personalrom er dimensjonerte i tråd med gjeldande lovverk og forskrifter for både elevar og tilsette.

Glasgarden vert ein sosial og aktiv arena med plass til bordtennis, møteplassar og eit amfi.

Forprosjektet viser gode løysingar med høg kvalitet, og oppfyller både krava og kapasitetsbehova til ein moderne ungdomsskule med 550 elevar.