Framdriftsplan

Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

1. desember - 1. februar

Høyringsperiode

Høyringsperioden startar 1. desember og varer fram til 01. februar. 

Alle tiltak som er greia ut er ute på høyring, og ikkje berre tilrådinga frå kommunedirektøren. Alle sakspapir vil bli publisert innan 1. desember. 

15. november

Utleggingsvedtak

Formannskapet la sak om sktrukturtiltak ut på høyring.

Utleggingsvedtaket vart handsama i utval for oppvekst 13. november og formannskapet 15. november.

Oversikt over tiltaka finn du her

Vedtaket finn du her

19. september 2024

Vedtak om prinsipp for strukturtiltak

I formannskapet vart det gjort vedtak om at ein skulle legge følgjande prinsipp til grunn ved utgreiing av tiltak:

Prinsipp for vurdering av strukturtiltak i skulen skal vere:

  1. Ressursfordeling tilpassa utvikling i elevtalet
  2. Sentralisering av ungdomsskular og desentraliserte barneskular
  3. Fokus på skulestruktur i Førde sentrum


Faglege og sosiale tilhøve må bli vurdert særskilt ved alle strukturtiltaka

Legge fram kunnskapsgrunnlaget i Formannskapet

Kommuneadministrasjonen legg fram eit grundig kunnskapsgrunnlag. Grunnlaget skildrar

  • Kvalitet
  • Organisering
  • Nøkkeltal per skule
  • Framskriving (økonomi, elevtal, rekruttering og kapasitet)
  • Utvikling i finansielle nøkkeltal

Kunnskapsgrunnlaget skal gi dei folkevalde eit godt grunnlag til å gjere vurderingar for vegen vidare.

 

Illustrasjon av rådhuset i Førde - Klikk for stort bileteIllustrasjon: Gregory Idehen
19.04.2024
17. April 2024

Legge fram kunnskapsgrunnlag i Utval for oppvekst og kultur

Kommuneadministrasjonen legg fram eit grundig kunnskapsgrunnlag. Grunnlaget skildrar

  • Kvalitet
  • Organisering
  • Nøkkeltal per skule
  • Framskriving (økonomi, elevtal, rekruttering og kapasitet)
  • Utvikling i finansielle nøkkeltal

Kunnskapsgrunnlaget skal gi dei folkevalde eit godt grunnlag til å gjere vurderingar for vegen vidare.

Folkemøte illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen
17.04.2024
Januar 2023

Innspelsrunde

Prosjektgruppa reiser ut til alle skular. Der gjennomfører ein møter med tilsette og skuleleiing. Deretter har ein møter med FAU.

I møtet legg vi fram ei tenesteanalyse for skulesektoren, og syner framskrivingar av folketalet i kommunen. Deretter nyttar vi ein intervjuguide med drøftingar knytta til pedagogiske- og organisasjonsmessige forhold, samt skulens betydning for lokalsamfunnet. 

Innspela blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget og sikrar medverknad frå involverte partar.

Gruppe med mennesker samla rundt eit bord. - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

 

Desember 2023

Status og utfordringsbilete

Prosjektgruppa jobbar med å beskrive følgjande nøkkelområde:

  • Elevtal (historisk og aggregert)
  • Teknisk standard skulebygg
  • Folketalsutvikling
  • Tenesteanalyse
  • Resursanalyse og økonomi
  • Personale og rekruttering
  • Elevmiljø
  • Skulebidrag
November 2023

Vedtak i formannskapet

Det var lagt fram ei orientering om korleis kommuneadministrasjonen såg føre seg å følgje opp vedtaket frå kommunestyret. Formannskapet gjorde følgjande vedtak:

1. Administrasjonen held fram med analysearbeidet som presentert. Faktagrunnlaget må utarbeidast på ein slik måte at det er lett å oppdatere med nye talgrunnlag.

2. Vidare prosess vert å ta stilling til når faktagrunnlaget ligg føre.

Mars 2023

Vedtak i kommunestyret

I samband med handsaming av sak om bruk av bygget som husa tidlegare Hafstad vidaregåande skule, sak 23/45, gjorde kommunestyret 23.03.2023 følgjande vedtak:

Kommunedirektøren vert beden om å arbeide vidare med ei sak om skulestrukturen og legge den fram innan utgangen av 2023.

Folkemøte illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen