Rettleiar skulefråvær og fråværsføring

Sunnfjord kommune har laga ein førebels kortversjon til rettleiar for skulefråvær og fråværsføring. Målet er å  identifisere begynnande problematisk fråvær for å kunne setje i verk tiltak så tidleg som mogleg. Vi vil jobbe tverrfaglag for å førebygge langtidsfråvær i grunnskulen.

Bakgrunn

Illustrasjon av luftballong med barn - Klikk for stort bilete Idehen

Skulefråvær er eit lokalt problem og ei global utfordring. Grunna ulike rammer for forståing finst det ulikt talmateriale. Internasjonalt ser mange til Kearney (2001), som hevdar at 5-28% av alle barn og unge til ei kvar tid er vekke frå skulen. Med slike tal kjem det fram at dersom ein skal forstå kvifor så mange er ramma av problematikken og kunne sette inn gode tiltak lyt ein ta omsyn til m.a. innhaldet i dei ulike omgrepa, kva for funksjon fråværet fyller for eleven, risikofaktorar og bakanforliggande årsaker. Slik kan ein greie å identifisere begynnande fråvær og setje i verk tiltak tidleg nok. 1-2 dagar vekke kvar månad framstår ikkje som så mykje i seg sjølv, men gjennom eit skuleår utgjer det nesten ein månad vekke frå opplæringa. 

 

Generelle rutinar Sunnfjord Kommune 

Risikofaktorar 

Gutt som klatrar i tau - Klikk for stort bilete Idehen

Risikofaktorar viser til sannsynet for at det vil skje noko ubehageleg, utan at ein nødvendigvis veit om det kjem til å skje. Samstundes vil ein ønske å beskytte seg sjølv i tilfelle noko skulle hende, så av di ein tenker det vil få store konsekvensar vil ein prøve å komme det vonde litt i forkjøpet. For allereie risikoutsette born, t.d. born under barnevernet, er desse særleg sårbare grunna høg belastning over tid (Tideman, Vinnerljung, Hintze & Isakssom 2011).   

 

 

 

 

Beskyttelsesfaktorar 

Barn i korg - Klikk for stort bilete Idehen

Dette er faktorar som aukar sannsynet for at risikoutsette ikkje utviklar problemåtferd eller får tilpassingsvanskar i vaksen alder. Slike faktorar kan fungere som eit skjold mot konsekvensane av å vere i risikosona. 



 

 

 

Samarbeid og medverknad 

Jente med stor byggeklossar - Klikk for stort bilete Idehen

Barnets beste skal ligge til grunn for alle vurderingar og handlingar ein gjer. Det er lovfesta m.a. i Grunnlova §104 at barnet si meining skal vektleggast i saker som gjeld barnet.  




 

 

 

Kontakt

Cecilie Eikefjord Udberg-Helle
Prosjektleiar skulefråvær
E-post
Telefon 57 72 60 56
Profilbilde av Åge Ansgar Stafsnes
Åge Ansgar Stafsnes
Kommunalsjef for skule
E-post
Telefon 57 02 12 18
Mobil 91 15 22 11