Når skal ein vere på vakt i høve bekymringsfullt fråver?

Fråver kan oppstå når som helst, uavhengig av evner, sosiøkonomisk bakgrunn, diagnoser, eller alder. Vi ser likevel ein auka risiko knytt til skulestart, etter feriar, etter sjukdom, overgang barnehage/skule, småskule/mellomtrinn, mellomtrinn/ungdomsskule, lærarbyte, rutineendringar.

Eit anna, underkommunisert fråversfenomen er mentalt fråver. Det er elevar som fysisk er tilstades på skulen, men som melder seg ut fagleg eller sosialt utan openberr grunn. Desse misser ofte like mykje som dei som er fysisk vekke.

Det finst svært mange og ulike meiningar om når alamen “skal gå”. Grunnen til det er svært enkel: det finst ikkje ein fasit.

Tidspunktet for når ein skal bekymre seg er avhengig av:

  1. lærar/elev-relasjonar
  2. elev/elev-relasjonar
  3. elasseromssituasjon
  4. eleven si kjensle av tryggleik
  5. eleven si opplevde meistring
  6. eleven si kjensle av å høyre til

Vi må også ta omsyn til eventuelle diagnosar, fagvanskar, funksjonshemmingar, heimetilhøve, kombinasjonar av fleire faktorar.

Mange kommunar opererer med fast antal forseintkommingar i løp av ei veke, antal enkeltdagar fråver i løp av ein månad og mengde udokumentert fråver i enkelttimar når dei skal vurdere om fråveret er bekymringsfullt eller ikkje.

Dette kan i utgangspunktet vere greie retningsliner for ein A4-elev, men i mange tilfelle ikkje gyldig dersom ein veit at eleven tildømes har angst, ingen/få jamnaldrande å spegle seg i, stort læringspotensiale, spesifikke/generelle lærevanskar, osb. Vi skal difor vere svært forsiktige med å setje absolutte grenser.

Ein skal også hugse på at det ein trur er ein A4-elev kan ha skjulte vanskar og det fins ulike grader av alt. Det er ikkje sikkert at ting vert problematiske før ein eller anna ukjent faktor dukkar opp, og ein gjennom dette finn at eleven t.d. har uoppdaga dysleksi, er mild autist, eller liknande. Vi lyt likevel ha nokre rettleiande grenser for når vi skal skal byrje undersøke nærare.

Rettleiande grenser:

(basert på gråsona mellom A4-eleven (20-30% av fråværssakene) og elevane med (ikkje sjeldan uoppdaga) psyk/lærevanskar, nevrodiversitet eller mobbing (70-80% av fråværssakene)

  • Gjentakande fråvær frå enkelttimar, både dokumentert og udokumentert.
  • Gjentakande forseintkoming til timar over ein 2-3 vekersperiode
  • Meir enn 4-5 enkeltståande dagar vekke frå skulen månadleg ila 2 månader (ver på vakt her om eleven er kronikar eller har (mistanke om) diagnose som medfører utmatting, t.d. ME, AS, ADHD, Tourette, angst)
  • Føresette melder at eleven ikkje vil/orkar/greier gå på skulen, ver nøye med ordvalet her.

Når ein er i tvil kan ein sjå på samla fråvær over ein periode på 10 veker:

Undersøk og iverksett tiltak umiddelbart på elevar som har:

  • meir enn 12-15 fråværsdagar
  • meir enn 1o enkelttimar fråvær uavhengig av antal fråværsdagar.

Undersøk og følg tett med framover på elevar som har:

  • mellom 8 og 12 fråværsdager
  • meir enn 7 enkelttimar fråvær uavhengig av antal fråværsdagar.

Følg med på og eventuelt undersøk ved vedvarande fråvær på elevar med:

  • meir enn 7 fråværsdagar
  • meir enn 7 enkelttimar fråvær

Når fråveret er meldt inn og konstatert som bekymringsfullt:

Påfølgande potensiell auka sosial isolering, faglege hol og auka angst som følgje av fråveret fører ein del elevar inn i ein vond sirkel, difor er det akutt handling og tett oppfølging det aller viktigaste vi kan gjere når vi ser at førebygging ikkje har ønska effekt. Dette vindauget er imidlertid svært smalt, og tiltak her er til dels skreddarsaum. For nokre elevar må dette føregå innanfor ein 2-3 vekers periode, for andre kan det strekke seg over fleire månader. Ver merksame på at om ein ikkje e tett på her, og let eit born gå med tiltak 3 veker når det har behov for 10, eller gå i 12 veker med tiltak når det har behov for 2, så sementerar vi fråveret, ikkje reduserar det.

Fråveret er etablert:

Når fråveret har etablert seg er ikkje lenger tilbakeføring til skulen hovudfokus, men oppretthalding av det som er positivt, trygging av eleven, ivaretaking av føresette, bygging av tillit, heimeundervisning om naudsynt, tett og godt samarbeid med involverte instansar, tydeleg ansvars- og oppgåvefordeling med rapporteringsplikt, og om aktuelt, overgang frå Oppl.l til Pbr.l. som særlov.