Førebuing for faglærar og sensorar

Samarbeid mellom faglærar og ekstern sensor:

Faglærar og ekstern sensor får beskjed om eksamensfag fem skuledagar før eleven får melding om eksamensfag. Disse fem dagane står til rådigheit for ekstern sensor og faglærar til å gjere nødvendige avklaringar og førebuingar. Det er faglærar som har hovudansvaret for å etablere kontakt med ekstern sensor. Dersom faglærar ikkje tek et slikt initiativ i løpet av den første dagen, må ekstern sensor ta kontakt med rektor på eksamensskule.

Fagrapport

Før faglærar og ekstern sensor får beskjed om trekkfag, må faglærar ha utarbeida ein fagrapport. Fagrapporten presiserer korleis elevgruppa har arbeida for å nå alle kompetansemåla i læreplanen i faget.

  • Fagrapporten bygger på alle kompetansemåla i læreplanen
  • Fagrapporten klargjer kva kjerneelement og kompetansemål som har vore vektlagt innanfor dei ulike emna, tverrfaglege tema, prosjekt eller liknande.
  • Fagrapporten klargjer kva arbeidsmåtar, læringsmetodar, vurderingskriterier, læremidlar og utstyr som har vore nytta i dei ulike emna, tema, prosjekter eller liknande.

Rektor er ansvarleg for at fagrapporten er ferdig i tide, og godkjenner den. Fagrapporten gjerast kjend for sensor i forbindelse med opplysninga om trekkfag. Kompetansemåla i læreplanen og fagrapporten er grunnlaget for utarbeiding av eksamensoppgåver.

Mal for fagrapport finn du er (DOCX, 160 kB)

Kva skal rektor gjere kjend for sensor/rektor på sensors skule?

Melding om sensoroppdrag sendast til rektor på sensors skule på e-post eller i Websak, i god tid før eksamen (sjå mal for fagrapport).

Meldinga skal innehalde:

  • fag
  • skule
  • dato for eksamen
  • namn på faglærar
  • fagrapport

Sensor skal ikkje få opplysningar om kva klasse dei skal sensurere elevar frå.

Kva skal rektor gjere kjend for faglærar?

7 dagar (arbeidsdagar) før eksamensdagen skal faglærar få opplysningar om:

  • Fag
  • Sensors namn
  • Sensors skule

Rektor skal ikkje opplyse om kva klasse elevane kjem frå.

2 dagar før eksamensdagen, på same tidspunkt som elevane, skal faglærar få opplysningar om:

  • Namn på elevar og eventuell gruppe

Kva skal rektor gjere kjend for elevane?

2 dagar før eksamensdagen får elevane opplysningar om:

  • Fag
  • Namn på faglærar

Kva skal ikkje gjerast kjend for elevane:

  • Sensors namn skal ikkje offentleggjerast til elevane. Elevane vert presentert for sensor på eksamensdagen.

Forslag til oppgåver

Faglærar utarbeider forslag til eksamensoppgåver til munnleg/munnleg-praktisk eksamen. Det utarbeidast eit nødvendig tall eksamensoppgåver til eksamenspartiet i faget. I tillegg førebur faglærar spørsmål til fagsamtalen. Disse er ukjende for elevane før eksamensdagen og har som formål å utdjupe elevens kompetanse innanfor temaet og gi eleven mogelegheit til å syne heilskapleg kompetanse i faget. Ekstern sensor vurderer saman med faglærar om eksamensoppgåvene gir grunnlag for å vurdere bredde og djupne ved elevens kompetanse slik denne er beskrive i læreplanen og i fagrapporten. Ekstern sensor og faglærar drøftar hovudlinjene for dei kriteria som skal nyttast for vurdering av eleven.