Opningstid
Barnehagen opnar klokka 07.00 og stenger klokka 16.30.
Måltid
Barnehagen har tilbod om frukost, lunsj og fruktmåltid. Vi ynskjer at dei som skal ete frukost i barnehagen er komen til 8.30. Foreldre betaler matpengar og kostpris blir fastsett i samråd med samarbeidsutvalet.
Klede
Klede må vere merka med namn, og alle må ha klesskifte frå inst til yst.
Barnet må ha dette i barnehagen:
- klede som er gode å ha på, toler aktivitet og som toler å bli skitne
- kleskift
- regnklede
- dress og varme klede om vinteren
Sjekk garderobehyllene både i inner- og yttergarderobe ved henting, og ta med skitne klede heim til vask. Våte ytterkle vert hengt på tørkerommet.
Foreldre har ansvar for å halde orden på garderobeplassen til barnet.
Informasjon på ulike språk om klede - NAFO
Sjukdom
Barna må vere heime når dei er sjuke.
Ved oppkast og diare må barnet vere heime 48 timar etter siste oppkast/diare.
Vi følgjer folkehelseinstituttet sine anbefalingar.
Barnehage og smittervern - Folkehelseinstituttet
For å redusere smitte i barnehagekvardagen ynskjer vi at foreldre hjelp barna å vaske hender både når de kjem om morgonen, og når de hentar barna.
Bringe og hente
Ein i personalet møter barn og føresette om morgonen. På grunn av utflukter og fellesaktivitetar er det ynskjeleg at barnet kjem innan kl 9.30.
Gje beskjed innan kl 9.30 dersom barnet er sjuk, skal ha fri eller skal kome seinare på dag.
Dersom barnet vert henta av andre enn dykk som har den daglege omsorga, må personalet ha melding om det.
Tilvenning
Vi ynskjer at alle barna skal få ein roleg og trygg start og har derfor oppstart fordelt over ein liten periode. Vi avtalar med foreldre/føresette kor tid oppstarten skal skje for barna.
Det er svært individuelt korleis barn tilpassar seg den nye kvardagen, men det er uansett lurt å sette av minimum tre dagar til tilvenninga. Dersom de har betre tid, er dette berre positivt.
Første dag
Denne første dagen kjem de til avtalt tid. Ein er gjerne på besøk ei kort tid denne dagen for å få ein roleg og trygg start. Barnet og foreldre får møte primærkontakten sin.
Andre dag
Den andre dagen startar etter avtale med primærkontakten/ personalet. Det er individuelle ulikheitar for kor mykje foreldra treng å vere tilstade denne dagen. Ein fin hugseregel er at ein aldri er lenger unna enn 5 minutt dersom det blir høve til å trekke seg litt tilbake. Vi ynskjer at småbarn skal forsøke å sove i barnehagen denne dagen.
Tredje dag
Utgangspunktet for denne dagen vil vere korleis det har gått med barnet dei to første dagane.
Ja, det vil vere ein "primærkontakt" som skal ha eit spesielt ansvar for ditt barn og sikre at det blir sett og tatt i vare på best mogleg måte. I tilvenningsperioden blir primærkontakten spesielt viktig fordi ho/han har ansvar for å etablere tryggheit og nærheit til barnet, og hjelpe det med å finne seg til rette i barnehagen. I tillegg skal primærkontakten sørge for god kontakt og kommunikasjon med dykk foreldre.
Det er viktig for barna å alltid vite kvar foreldra er under tilvenninga. Vi ynskjer derfor at de seier "hadet" til barnet kvar gang ein skal gå ut frå avdelinga/ barnehagen.
Planleggingsdagar for kommunale barnehagar
I følgje vedtekter for kommunale barnehagar i Sunnfjord kommune (PDF, 348 kB) § 8, skal barnehagane ha 5 planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår.
Barnehagen er stengt heile dagen når det er planlegginsdag. Dagane vert brukt til planlegging av det pedagogiske innhaldet i barnehagen, samt kursing av personalet.
Planleggingsdagar for kommunale barnehagar 2024/2025
- Fredag 16.august 2024
- Fredag 1. november 2024
- Måndag 20. januar 2025
- Måndag 17. mars 2025
- Fredag 6. juni 2025
Sjå oversikt – planleggingsdagar i barnehagane i Sunnfjord kommune.