Opningstider
Barnehagen held ope måndag til og med fredag klokka 07.00-16.30.
Tilvenning
Det å starte i barnehagen er ei stor omvelting både for barnet og foreldra. Vårt første møte med foreldra er på foreldremøte våren før oppstart. Foreldra vert oppmoda om å sende inn informasjon om barnet på førehand. Vi reknar ca 3 dager tilvenning, men nokre barn som treng lenger tid. Alle nye barn har ein kontaktperson som har ansvar for å følge opp barnet og foreldra i den første tida. Vi arbeider for at barnet skal kjenne seg trygt, slik at det kan delta i leik, utforsking og lære nye ting.
Ofte stilte spørsmål:
Det er individuelt kor lang tid barnet treng på tilvenninga. Ofte er det 3 dagar du har rett på frå arbeidsgjevar, men mange barn treng lenger tid for å bli trygge i barnehagen. Hovudregelen er at det er viktig å bruke god tid. Dei første dagane bør ikkje vere for lange, spesielt dersom barnet viser teikn til at det er slitsom å vere i barnehagen.
Første dag møter de primærkontakten til barnet. Opphaldet har ei ramme på 2-3 timar, kor foreldrene er med heile tida.
Andre dag ønskjer vi at barnet er i barnehagen litt lenger enn dag ein. Barnet kan gjerne kvile/sove visst det er aktuelt. Foreldra legg barnet med primærkontakt til stades. Denne dagen kan foreldra gjerne ta seg ein liten tur vekk frå barnehagen etter avtale med barnet og primærkontakten.
Tredje dag kan barnet truleg ha ein lenger dag i barnehagen.
Primærkontakt eller ped.leiar saman med den enkelte forelder planlegg resten av tilvenningstida, utifrå korleis barnet har reagert dei første tre dagane.
- Allmenntilstanden til barnet avgjer om barnet er friskt nok til å vere i barnehagen.
- Barnet må vere friskt nok til å vere ute.
- Barn som er sjuke skal ikkje vere i barnehagen, av omsyn til barnet sjølv og med tanke på smitte til dei andre i barnehagen.
- Ved diarè/oppkast, skal barnet vere heime 48 timar etter siste utbrot.
- Går barnet på penicilin, kan personalet gi dette, mot kvittert løyve frå foreldre.
Er du fortsatt usikker på rutinane? Kontakt styrar eller personalet på avdelinga.
Du finn og informasjon om barns sjukdom på folkehelseinstituttet sine sider.
Barna skal vere kledd slik at dei kan delta i leik og aktivitetar inne og ute. Ein hovudregel er at barnet har tre sett med skifteklede, innesko, støvlar og regnklede i barnehagen til ei kvar tid. Vinterstid må barnet i tillegg ha vottar, huer og ein god varm dress. Elles godt med varme klede som t.d ull og fleece.
Dei barna som går på Veslefrikk søv i vogn i vognhuset, foreldra tek med eigna vogn heimanfrå. Foreldre er ansvarlege for at vogna er i forsvarleg stand og har det utstyret som trengst (td. varm pose, myggnetting og sele).
Dei barna som går på Tommeliten søv inne på soverommet, barnehagen ordnar med seng og dyne.
Barn som er avhengig av smokk, flaske, kosedyr/koseklut osv., kan sjølvsagt ta dette med i barnehagen. Barn som brukar bleier tek med dette sjølve
Det er viktig at du informerer godt dersom barnet har allergiar eller er intolerant for enkelte matvarer. Skriv på helseskjema.
Dette for at personalet og foreldrene i avdelinga skal kunne ta nødvendige førehandsreglar for ditt barn.
Treng barnet akuttmedisin pga allergi, er du ansvarleg for at personalet får den opplæringa som trengst. Opplæringa kan og gjevast av helsepersonell. I slike tilfeller skal det også fyllast ut medikamentliste saman med personalet.
Vanlegvis handlar barnehagen inn mjølk, brød og pålegg til barn som er intolerant mot enkelte matvarer. I spesielle høve må foreldre ordne dette sjølve.
Ferie
Barnehagen har ope heile sommaren, men barna må ta ut 3 veker ferie i perioden 1. juni til 1. september. Barna sin ferie skal meldast til barnehagen seinast 1. mai i ferieåret. Vi sender ut førespurnad i april.
Dersom tal barn kjem under 6 barn i ei veke, kan rådmannen fastsette å gje tilbod i ein anna barnehage (jf kommunale vedtekter §8).
Planleggingsdagar
Vi har 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Barnehagen er då stengt!
Sjå oversikt over planleggingsdagar i Sunnfjord kommune
Oppseiing eller endre type plass
Dersom du ønskjer å seie opp eller endre barnehageplassen, søker du i Visma Foresattportal Sunnfjord kommune, same lenke som der du søkte om plass.
Søk, sei opp eller endre barnehageplass i Sunnfjord kommune