Om Tusenfryd barnehage

Tusenfryd Barnehage held til i Runnen, på Tefre. Vi har gangavstand til både skogsområde, busshaldeplass, butikk og Slåtten skule.

Avdelingar

  • Runnen 3 har 16 barn frå 3-6 år.
  • Runnen 5 har 16 barn frå 3-6 år.
  • Runnen 7 har 12 barn frå 1-2 år.

Personalet

Einingsleiar i 100 % stilling. Vi har ei erfaren og stabil personalgruppe. Vi har  barnehagelærarar i alle leiarstillingane, barne- og ungdomsarbeidar og erfarne assistentar. I tillegg har vi faste vikarar på kvar avdeling.

I arbeidet med barnegruppa har vi fokus på tryggleik og tilknytning, og brukar COS (circle of security) som arbeidsmodell. Barn treng at vi vaksne er større, sterkare, klokare og god. Det tyder at når det er mogeleg skal vi følgje barnet sitt behov, og når det er naudsynt skal vi ta leiing. 

Barna

Barn lærer sosialt samspel med å vere saman med andre. Alle barna får dagleg ta del i aktivitetar i små og store grupper. Personalet skal rettleie og støtte barna, slik at barna utviklar seg positivt. 

Barn lærer språk ved å bruke språk. Det er fire nøkkelaktivitetar som alle barn skal ta del i dagleg: samtale med ein vaksen, oppleve glede ved å delta i song/musisk aktivitet,  bli lest for og inkludert i allsidig leik med andre barn. 

Barn skal få høve til å utfalde seg fysisk i leik og motorisk aktivitet. Det betyr at barna skal få leike og utfalde seg både inne og ute i løpet av ein barnehagedag. 

Kontakt

Profilbilde av Elin Røyseth
Elin Røyseth
Einingsleiar Tusenfryd barnehage
E-post
Telefon 57 61 28 41
Mobil 91 59 74 83

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Runnen 5
6812 Førde

Postadresse: 
Tusenfryd barnehage
Postboks 338
6802 Førde