Test Sunde barnehage

Velkommen til Sunde barnehage. Vi ligg landleg til på Sunde, ca. 5 kilometer frå Førde sentrum og er nærmaste nabo til Sunde skule. Området rundt barnehagen og skulen er tilrettelagt som eit nærmiljøanlegg. Vi har stor uteleikeplass og gode turmuligheter. 

 

 

Opningstider 

  • Barnehagen har ope mandag til fredag klokka  07.00–16.30.
  • Vi held stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før påske stenger barnehagen klokka 12.00. 

Planleggingsdagar

Ferie

Barnehagen har ope heile sommaren, men barna må ta ut 3 veker ferie i perioden 1. juni til 1. september. Du må melde inn barna sin ferie seinast 1. mai i ferieåret. 

Dersom tal barn kjem under seks barn i ei veke, kan kommunedirektøren fastsette å gje tilbod i ein anna barnehage (jf kommunale vedtekter §8). 

Tilvenning i barnehagen

Det er alltid spanande når eit barn skal begynde i barnehagen. I Sunde barnehage har vi fokus på å la barnet få bruke god tid på å bli kjent og trygg saman med foreldre/føresette. 

Oppseiing eller endra plass

Dersom du ønskjer å seie opp eller endre barnehageplassen, søker du i Visma Foresattportal Sunnfjord kommune, same lenke som der du søkte om plass.

Søk, sei opp eller endre barnehageplass i Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Margrete Huus
Margrete Huus
Einingsleiar
Telefon 57 82 87 21
Mobil 94 85 93 91