Sunde barnehage

Velkommen til Sunde barnehage. Vi ligg landleg til på Sunde, ca. 5 kilometer frå Førde sentrum og er nærmaste nabo til Sunde skule. Området rundt barnehagen og skulen er tilrettelagt som eit nærmiljøanlegg. Vi har stor uteleikeplass og gode turmuligheter. 

 

 

Opningstider 

  • Barnehagen har ope mandag til fredag klokka  07.00–16.30.
  • Vi held stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før påske stenger barnehagen klokka 12.00. 

Planleggingsdagar

Ferie

Som hovudregel skal alle barn ha fire veker ferie kvart år. Minimum tre veker skal vere samanhengande innanfor ramma til skulen sin sommarferie – om lag 20. juni til 18. august. Foreldre skal melde frå til styrar om barnet sin ferie innan 1. april.

Barnehagen har normalt sommarope. Etter ei vurdering kan styrar i samarbeid med samarbeidsutvalet stenge barnehagen i inntil tre veker samanhengande dersom tal påmeldte er lågt. Det blir avklart innan 1. mai dersom barnehagen skal ha stengt.

Etter ei vurdering frå styrar i samarbeid med samarbeidsutvalet, kan barnehagen ha stengt i romjula og/eller måndag, tysdag og onsdag i påskeveka, dersom tal påmeldte barn er lågt. Det kan også bli redusert opningstid (jf. Vedtekter for kommunale barnehagar § 14).

 

Tilvenning i barnehagen

Det er alltid spanande når eit barn skal begynde i barnehagen. I Sunde barnehage har vi fokus på å la barnet få bruke god tid på å bli kjent og trygg saman med foreldre/føresette. 

Oppseiing eller endra plass

Dersom du ønskjer å seie opp eller endre barnehageplassen, søker du i Visma Foresattportal Sunnfjord kommune, same lenke som der du søkte om plass.

Søk, sei opp eller endre barnehageplass i Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Margrete Huus
Margrete Huus
Einingsleiar
Telefon 57 82 87 21
Mobil 94 85 93 91