Kunnskapsministeren på besøk

Tysdag 23.januar hadde vi besøk av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. 

Ho var innom for å lytte til dei tilsette for korleis dei har det i sin kvardag og kva vi opplever skal til for at kvardagen i barnehager skal bli bedre. Ho vart vist igjennom barnehagen og barna tok ho med på sangstund og gav ho etterkvart innføring i eventyret om Geitekillingen som kunne telle til ti.

Å styrke grunnbemanningen er ein nøkkelutfordring som ofte blir framheva når det gjeld barnehagar. Med tilstrekkeleg bemanning kan personalet bedre møte behova til barna, gje dei nødvendig oppmerksomheit og støtte, samt skape eit trygt og stimulerande miljø for læring og utvikling.

Å formidle dette til kunnskapsministeren er viktig for å sikre at politiske beslutningar tar hensyn til behova til både barna og dei ansatte i barnehagane. Heilhetlig var det ein positiv og konstruktiv dialog som forhåpentligvis vil føre til positive endringar i barnehagesektoren.